top of page
Lun stove i varme jordtonar med bige sofa og naturlge mateialar

INTERIØRDESIGN • PLANLØYSING • OPPUSSING

Få planen på plass før du begynner.

Eg hjelper deg å sjå heilskapen, finne gode løysingar og ta trygge val før du set i gang – slik at funksjon, uttrykk og budsjett heng betre saman.

PLANLØYSING

Smartare rom og

betre flyt i kvardagen

INTERIØRDESIGN

Materialar, fargar og heilskaplege val 

OPPUSSING

Rådgjeving og tryggleik grå ide` til ferdig resultat.

Ein heim som kjennest rett.

​

For meg handlar gode rom om meir enn det som er fint.
Dei skal fungere for livet som blir levd der – med gode løysingar, gjennomtenkte val og ein heilskap som kjennest personleg.

TENESTER

Slik kan eg hjelpe deg.

01

Interiørveiledning

​​For deg som står fast i nokre val og treng konkrete råd, nye auge og ei tydeleg retning vidare.

 

Frå 2 990 kr

02

Interiørveiledning Plus

For deg som ønskjer meir enn gode råd – med konkrete forslag til fargar, materialar og løysingar.​

​

Frå 6 990 kr

03

Heilskapleg 
Interiørdesign

For større prosjekt der fleire rom, funksjonar og val skal fungere saman som ein gjennomtenkt heilskap.​

​

​Pris etter omfang.

UTVALT PROSJEKT

Heim på budsjett

Frå hus til heim – med fargar, materialgrep og ny heilskap.

Målet var å skape ein lys, lun og harmonisk heilskap i opphaldsromma – utan å måtte skifte ut dei store flatene. Med ei tidlaus palett i jordtonar, naturlege materialar og bevisste grep fekk heimen meir varme, ro og samanheng.

BEHALDE & FORBETRE

FARGAR & MATERIALAR

NY HEILSKAP

Visualisering av kjøkken i varme jordtonar og mørkt treverk

Visualisering

Skjermbilde 2026-08-27 kl. 23.52.15.png

KUNDEN FORTEL

«Hun forstod umiddelbart hva vi ønsket oss –
til og med før vi klarte å forklare det selv.»

​

«Selv om vi bor i Trondheim og hun jobber fra Bømlo, har alt gått sømløst via Facetime, telefon og bilder. Hele veien har hun vært genuint opptatt av at vi skulle bli helt fornøyde, og resultatet har blitt at huset vårt har blitt et hjem som endelig føles riktig for oss.»

​

Sigrid · Heilskapleg interiørdesign

​

OM JHG

Janne, interiørdesigner i JHG Design

Hei, eg er Janne.

Eg hjelper deg å sjå heilskapen, sortere moglegheitene og ta val som kjennest rette – både for heimen og kvardagen din.

​

For meg handlar god interiørdesign ikkje om å følgje ein bestemt stil eller trend. Det handlar om å forstå menneska som skal bu der, ta vare på det som fungerer og skape ein heim som kjennest personleg, harmonisk og gjennomtenkt.

MIN FILOSOFI

Ein heim skal ikkje berre vere fin å sjå på.
Han skal kjennast rett å vere i.

01
Eg ser heilskapen


Fargar, materialar og funksjon skal fungere saman.

02
Eg gjer vala enklare


​Du får ei tydeleg retning og færre val å tvile på.

03
Eg tek utgangspunkt i deg


Heimen skal spegle menneska som skal leve i han.

JHG  BOLIGREISA

Med deg –
heile vegen.

Frå dei første tankane om sal, til vala i ein ny bustad og vidare til heimen som skal bli din. JHG Design kan vere med gjennom fleire delar av boligreisa.

Materialprøver og planteikningar til interiørprosjekt

01

Før sal

Rådgiving, tiltak og styling som løftar bustaden før foto og visning.

02

Ny bustad

Hjelp til å sjå moglegheitene, vurdere løysingar og ta gode interiørval.

03

Ny heim

Fargar, materialar og møblering som bind det heile saman og gjer den nye bustaden til ein heim.

Har du eit prosjekt du går
og tenkjer på?

KLAR FOR NESTE STEG?

Du treng ikkje ha alle vala klare før du tek kontakt.

Fortel meg litt om prosjektet ditt, så ser vi saman på kva du treng hjelp til – og kva som kan vere neste steg.

Små steg. Stor forskjell

bottom of page